Monday, September 7, 2009

Kols!

Forge søndag starta det. Etter ein kald kveld ute våkna ej om morgonen med ståltråd i halsen. Det vakje so veldig gale då, men utover veka blei halsen verre og verre. Men plutselig va den vekke og ej va superglad for at ej hadde sleppt so lett unna. Men SOOOO bejynte ej å hoste. Først va det berre en eller to gonga i timen, so blei det en eller to gonga pr halvtime, og no he det utvikla sej til en gong per 2 minutt! Folk huska sikkert kolsperioda mi i fjor, som ho Karina kallte "værste perioda i livet sitt", den e no tilbake.
Roommates'a mine sitte sikkert i ditte øyeblikke å planlegge korleis dei skal klare å kaste mej ut fordi ej ødelegge nattesøvnen deira.
Fekk også en mail frå kontore om at dei he "swineflue-maske" so det va berre å komme.

1 comment: